Lars Kinsarvik, norskdomsrørsla og Hardanger folkemuseum

8
InnhøIdsliste 1996 Bjarne Sørens en Lars Kinsarvik, norsdomsrørsla og Hardanger folkemuseum ..'................'..'.. 5 )ohannes Bor ge: Skomakar og spelemønn, Johannes Olson Stegaflòt ( 1853- 1928) ................... Oddmund Hus: Bil etkun stn ør en J ohan H ø el ( 1 9 1 6 - 1 9 9 4 ) ....................'....... Torkel L. Stana: IlIegøI møTquk-tur i juli Da3....,. Margreta Utne Lutro: Minne frå barneåri på Utne ...........'. Tiygue Skomedale: Gørds- og bygdenamnet Granvin .-.-.-.--.--.--.- OlavTveiten: IJngdomsløget <Samhald> - ein gløymd samskipnad Henning Gjerald Hutts: Rqdio i krig og fred.. lens Larsen: En <barbør> i Hardønger .. Anders Stølen: Var det ingaÆnes-ætt? Henrik M. Kvalem: Husmannsplassen Struten Bjørn Oma: Skutebyggløren Nils Hansson Bakke Brynhild Utne Sundt Tresþeraren Tiond ,4smundson ['Jtne ]ostein Mæland: Det glima i pedemor då dei spelø rosete feler Ä.got Gammersvik: Hørdanger folkemuseum 1 996, glimt frå året som gjekt ............ Hardan ger "-,"'"'* - åfif,'äii *;;;; i ;;; : 18 ¿o 29 32 4L 46 49 62 74 78 80 88 102 105 1t 1 113 115 Hardanger historielag HARDANTGER r996 Framsidebilete: Høgsetestol av Lars Kinsarvik truleg frå Voldaperioden, ca 1910. Eigar: Roald Nystad. Denne stolen er mellom dei deponerte Kinsarvik- mãbla.re som vil vera på fast utstilling ved Hardanger folkemuseum frå neste år. Foto: ArvidAga. Baksidebilete: Utsnitt av dørbladet i eit framskåp laga av Lars Kinsarvik ca. 1910. Eigar: Rolad Nystad. Også dette møbelet vil vera å sjå Hardanger fol- kemuseum frå neste år. Foto: ArvidAga. Øystese Trykker¡ a.s, 5610 Øystese

Transcript of Lars Kinsarvik, norskdomsrørsla og Hardanger folkemuseum

InnhøIdsliste 1996

Bjarne Sørens en Lars Kinsarvik, norsdomsrørsla

og Hardanger folkemuseum ..'................'..'.. 5

)ohannes Bor ge: Skomakar og spelemønn, JohannesOlson Stegaflòt ( 1853- 1928) ...................

Oddmund Hus: Bil etkun stn ør en J ohan H ø el ( 1 9 1 6 - 1 9 9 4 ) ....................'.......Torkel L. Stana: IlIegøI møTquk-tur i juli Da3....,.Margreta Utne Lutro: Minne frå barneåri på Utne ...........'.Tiygue Skomedale: Gørds- og bygdenamnet Granvin .-.-.-.--.--.--.-

OlavTveiten: IJngdomsløget <Samhald> - ein gløymd samskipnad

Henning Gjerald Hutts: Rqdio i krig og fred..lens Larsen: En <barbør> i Hardønger ..

Anders Stølen: Var det ingaÆnes-ætt?

Henrik M. Kvalem: Husmannsplassen Struten

Bjørn Oma: Skutebyggløren Nils Hansson Bakke

Brynhild Utne Sundt Tresþeraren Tiond ,4smundson ['Jtne

]ostein Mæland: Det glima i pedemor då dei spelø på rosete felerÄ.got Gammersvik: Hørdanger folkemuseum 1 996,

glimt frå året som gjekt ............

Hardan ger "-,"'"'* - åfif,'äii *;;;; i ;;;

:

18

¿o

29

32

4L

46

49

62

74

78

80

88

102

105

1t 1

113

115

Hardanger historielag

HARDANTGERr996

Framsidebilete:Høgsetestol av Lars Kinsarvik truleg frå Voldaperioden, ca 1910.

Eigar: Roald Nystad. Denne stolen er mellom dei deponerte Kinsarvik-mãbla.re som vil vera på fast utstilling ved Hardanger folkemuseum frå

neste år. Foto: ArvidAga.

Baksidebilete:Utsnitt av dørbladet i eit framskåp laga av Lars Kinsarvik ca. 1910.

Eigar: Rolad Nystad. Også dette møbelet vil vera å sjå på Hardanger fol-kemuseum frå neste år. Foto: ArvidAga.

Øystese Trykker¡ a.s, 5610 Øystese

Bjarne SØrensen:

Lørs Kns arv ik, norskdomsrØrsløo g H ørdønger folkemus eum

D et sto re j ub ilèums år etMidt oppi den nasjonale feiringa av Ivar

Åsen og 100-års markeringa av polarferde- .,ne til Fritjof Nansen, har Hardanger fol-kemuseum i 1996 markert eige 85-årsjubilèeum. I feiringa har ein annanlokal jubilant stått sentralt, nemlegLars Kinsarvik, kjend som skapa-ren av <den norske stilen> i nyaretreskjerarkunst. 8. september vardet 150 år sidan denne gåverikemultikunstnaren frå Kinsarvik iUllensvang vart fødd. Mest mar-kert i jubilèumsfeiringa var denstore Kinsarvik-utstillinga oppsettpå museet frå april til utgangen avseptember. Den inneheldt forutaninnlånte arbeid av meistaren sjølv, ògein del arbeid av dei fremste elevanehans. Men dobbel-jubilèet innebar òg se-minarverksemd, føredrag og eit særleg tilbodtil skulane - alt med tilknyting til Lars Kinsarvik.

Når dei to jubilea fyrst fall saman i tid var det naturleg for museet ågje Lars Kinsarvik stor plass i si markering. For det denne mannen stodfor ideologisk, var godt i samsvar med det grunnlaget museet var tuftapå ved skipinga. Me vågar påstanden: Hardanger folkemuseum er eitektefødd barn av norskdomsrørsla. Dei var i alle høve sterkt opptekneav <det nasjonale> dei som tok initiativet til etableringa av <Et folke-museum for Hardanger og bygdene> i 1911. Fram til Lars Kinsarvikflytta til SunnmØre i 1905 var han ein av dei førande i den lokale kul-turdebatten. Få, om nokon, bar norskdomsfana så høgt som han. Ved

sitt djupe engasjement var han indirekte med på â rydda grunnen forein lokal museumsskipnad.

Nansen og Aasen som her Srrst vart nemde, var båe glitrande sym-bol for ein særnorsk kultur i emning. Som slike spela nok også dei litt ikulissene i museumsspørmålet. Portretta av dei to hang i alle høve sen-

ralt i dei fleste ungdomshus; og det var nettopp i miljøet kring ung-domshusa at folkemuseumstanken i Hardanger vaks fram.

Nor skdo msrør sla o g tre skj er ørkunsten<...so logar og brenn eg fyr norskdom paa alle leider. Dette vonar eg

skal vara livet ut>. Sitatet er av Lars Kinsarvik, henta frå noko så liteprosaisk som brevskifte med ein kunde i 1913. At kunden var Trønder-heimen i Trondheim, ei av ei mange kaffistovene Lars Kinsarvik skarhusbunaden til, er eit uttrykk for at arbeide og ideologi var ei og same

sak for han.Lars Kinsarvik vaks opp i eit miljø og på ei tid der det nasjonale

spørsmålet var sjølve hovudsaka. NorskdomsrØsla var ikkje nokon or-ganisasjon i eigentleg meining. Det var meir eit samleomgrep for denhopen av folkelege lag og organisasjonar på landsbygda som dreiv fol-keopplysingsarbeid og nasjonal agitasjon. Hovudføremålet med lagavar å styrkja og utvikla norsk identitet og kultur. Døme på slike er ung-domslag, målrøsla, teaterlag, historielag, museumslag, folkehøgskulen- ja,til og med skyttarlaga kjem i ein periode f.øre 1905, inn under den-ne folden.

Lars Kinsarvik var ein pådrivar i det nasjonale oppþingsarbeidetog såg det som ei stor oppgåve â gjera ålmen kunnskapen om fortidaog historia til det norske folk. Dansketida, og sidan unionen medSverige, hadde etter hans syn øydelagt mykje av det opphavlege i dennorske kulturen. Grunnlaget for ein ny norsk identitet meinteKinsarvik måtte søkjast bakom <400-årsnatta>>, fØre Kalmarunionen, iden tida då Noreg var ei av stormaktene i Europa. Som kunstnar bruk-te han aktivt av eit materiale som høyrde til denne <stordomstido forlandet. Med utgangspunkt i grundige studiar av dyre- og drageorna-mentikken i treskurd frå vikingtid og mellomalder ville han gje nytt livtil, og utvikla vidare, dei eldre nordiske prydkunstformene: (...jeg trornemlig, at disse i dybeste forstand hører det norske folk til paa lignen-de maade som sagnet, eventyret og folkevisen - ja det norske maalogsb.Lars Kinsarvik var sjølv ein dugande folketalar, foredragshaldar og

Frømskåp øv Lørs Kinsørvik frå cø 1900. Skåpet kom inn som testamentø-risk gåtte til Kunstindustrimuseet i Oslo i 1948 frå Generalkonsul H. A. Falsen,

Trønås i Sverige. (Foto: Utlånt av Kusnstindustrimuseet i Oslo. OK 11866)

':.:

d/Å

$,.?'zl ,lt/\

Sømtidig kørikatur av felespelqren Lars Kinsøruik.Teiknø ay Karl Strømme i 1908. (Originøl hjåBrynhild Utne Sundt, Bergen).

skribent som gaY til kjenne mei-ningane sine både lokalt og na-sjonalt. I tillegg var han mellomdei fremste hardingfelespelara-ne, i alle høve på heimtraktene.Han målbar reflekterte meining-ar om folkemusikk, ja om folke-kunst i det heile. Me veit òg athan var ein særs nyttig infor-mant og referanse for EdvardGrieg. Slik var Lars Kinsarvik einsentral aktør i den pågåande kul-turpolitiske debatten føre opp-løysinga av unionen med Sver-ige. At Lars Kinsarvik fram motdenne tida hadde fått eit namnsom Yar kjent, synte den tingenat då han i september 1906 ftlte60 år, fekk han helsingstelegramfrå sjølvaste statsminister Chr.Michelsen.

Seinare, i det nye sjølvstendi-ge Noreg, fekk han oppleva atspørsmålet om norskdom i sti-gande grad uwikla seg til einstrid mellom by og land. Dettevar irøynda ein gamal strid medrøter attende til 1820-talet, dåbøndene for alvor tok til â gjeraseg gjeldane i rikspolitikken.Samlinga kring innføringa avparlamentarismen på 1 880-talet,

l{: \'{,:*/\(1lltL]\f/L

-,_--.ìf7trxF._,úÉ{'--_óflç ={I{\tUt{*l¿:.,1r*:or,

P))¡o

og sidan utsiktene til oppløysing av unionen med Sverige, hadde dem-pa noko på motsetnadene. Då måla som dei to partane hadde kunneeinast om var oppnådde, blussa den gamle kulturstriden opp att. Denråka i særleg grad Lars Kinsarvik som kunstnar. Fyrst og fremst fordimøbelkunsten hans vart så sterkt assosiert med norskdomsrørslene.Dette gjaldt frrst og fremst i dei byane der han hadde skore prydnadentil den lokale kaffistova, og i særleg grad gjaldt det i Christiania.

Frå verkstaden til Lørs Kinsøruik i Volda ca. 1910. Læremeistøren hadde støtt 4-5 lære-sveinqr i verkstaden sin. I tillegg til å læra treskjerarhandtverket, fekk dei òg ei god

innføring i norksdomsspørsmålø. (Foto: Ureg. HFU)

Lars Kinsarvik vart ikkje teken på alvor i det urbane kunstkritikar-miljøet. Dei freista snarare ã gjera han til latter. Møbelkunsten hansvart omtala lite smigrande både i skrift og tale som <pinebenker> og(tatoverte møbler>. Saka vart ikþ'e betre då Kunstidustrimuseet iChristiania, som tidlegare hadde vore ein medspelar for Kinsarvik, nooffisielt gjekk <Til kamp mot dragene>. Dette var i seg sjølv knapt årsa-ka til at dragestilartane smått om senn gjekk av moten, men det gjordesitt til å stigmatisere personlegdomar innan norskdomsmiljøet, ogsjølvsagt i særleg grad ein sentral mann som Lars Kinsarvik.

Kunstkritikarane og kunsthistorikarane den gong hadde stor makt.Som akademikarar var dei for det meste rekrutterte frå embedsmanns-og borgarstanden. Mange av dei ville slik hevda at dei gjennom sinbakgrunn representerte den mest høgverdige kulturen. At fleire av dei

karakteriserte arbeida til Lars Kinsarvik som husflid, og slik utanforkunstomgrepet, kan i beste fall kallast uforstand. Verre er at dei meddet tok frå Lars Kinsarvik ein plass i kunsthistoria. Det er slik sympto-matisk at det vart ein historikar og ikkje ein kunsthistorikar som i ju-bilèumsåret endeleg la fram ein meir omfattande biografi over Lars

Kinsarvik.

Kultur str id m eII o m ånd shov dingørDei kjende sterkt på den aukande polariseringa i kulturlivet dei

mange i krinsen kring han. Slik skreiv ein elev, Berdinus Kaland, då detvart klart at Lars Kinsarvik ikkje fekk premie på den prestisjetunge ut-stillinga ved grunnlovsjubileet í l9l4:

Søki er greid; Ditt arbeid er ekta norsk, øø so er Du som mønge avNorigs gode søner fødd pøa løndsbygdi. Hadde du vore fraa Kristiania,so vilde det tvillaust vorte ein annøn dom. Det ser i det heile ut, somder no pøa fleire hald vert arbeidt hørt imot oss løndstreskjerarør.

Motstanden gjorde Lars Kinsarvik endå meir overtydd om at hanmåtte halde fram med arbeidet etter den kursen han hadde staka ut forseg sjølv i unge år. Slik kunne han på sine eldre dagar virka som mykjeav ein norskdoms-fundamentalist. Han <loga og brann, i alle høve fornorskdomen like til han døydde i1925. Og at han verkeleg var ein sen-tral person i dette miljøet skjønar me av minnorda fon Mannsaakerskreiv over han i <Norsk Aarbok> same året:

Lørs Kinsarvik vørt hovding på sitt umkverue, og um ølle houdingørgleld det at det er den medfødde givnad og denfyreliggjandetidsupp-gåva - geni og miljø - som skøpør deim. Landet hadde serleg bruk forein slik mann no, då folket etter lang suevn og hard vønlagnad skulde

freista å finnø att sitt eige kulturelle livsgrunnløg. Og på den øndresida hadde mannen bruk for det sakn folket leid under. Den bergtekneprinsessa uentø på prinsen, og det ttør ei lukka for deim båe at dei fannkvarandre.

Om dette synet på Lars Kinsarvik og verket hans er representativtfor norskdomsfolket i samtida, skal ikkje me spekulera vidare over her.Men i dag kan denne personkarakteristikken, i tillegg til å virka nokosvulstig, innhaldsmessig òg synast ävera ein del i overkant. Moglegvisvar dette mest talemåtar - ei form for norsksomsjargong. Men slikt gavlett <vatn på mylno til den andre sida i den pågåande kulturstriden.

10 l1

Særleg var det innan visse in-tellektuelle krinsar i hovud-staden at dei meiska seg nårnorskdomsfolket <beit i skjold-kanten>, som dei sa.

Utan at norskdomsomgre-pet i denne samanheng harYore nærare definert, må mekunne hevda at elitetenkingavar framtredande i dette mil-jøet. Men det var på ein måtetidsånda, for der var òg krin-sar på den andre sida i kultur-striden der heltedyrking oghovdingkultus stod minst likesterkt som hjå norskdomsfol-ket.

<Lysakerkretsen> var eigruppe kunstnarar og intellek-tuelle som i tida kring hun-dreårsskiftet frlka seg kringsin hovding, Fritjof Nansen.At denne krinsen òg gjekkunder namnet <Nationalitets-bevegelsen> karakteriserar næ-rare kva dei stod for. Somnorskdomsfolket ville dei ska-pa ein særnorsk kultur, mendei hadde eit anna mål for

Etter polarferdene vart Fridtjof Nansen nasjonalhelt.Bodskapen høns om oF edrelandskærligheden>

kunne båe sider i kulturstriden sluttø seg til.Slik var høn lenge ein sømlande figur.

denne, og dei hadde andre verkemedel. Dei ville skapa ein nasjonaleinskapskultur. Før Noreg kunne verta ein kulturnasjon måtte nord-menn få sams identitet. Kunstnaren Erik Werenskiold var ein av deifremste talsmenn for dette qmet. Han ville elta nordmenn saman tileitt folk. Gjennom <dannelse og kultivering> ville han br¡a ned skilje ikulturen mellom by og land, og mellom dei ulike landsdelane. ForLysakerkretsen var desenralisering eit ukvemsord. Dei ville samla altfrå høgskular til kulturinstitusjonar i hovudstaden; der var <dannelses-mulighederne) stØrst, og der var <nationens stØrste mænd samleb.

Blant desse (stØrste mænd> var Fritjof Nansen. Etter heimkomsten

#fw- f

frå polarferda med <Fram> i 1896 vart han sjølve symbolet på den na-sjonale sjølvstendekampen, og slik mykje av ein hovding òg i ein vid-are krins. Han målbar bodskapen om oFedrelandskjærlighedeno somdei fleste nordmenn kunne kjenna seg att i: <...Det er kjærlighedensom binder oss til slekten, til hjemmet, til gården, til bygden, til lan-det>. Det var når Nansen kom inn på språkpolitikk, og bar framMolkte Moe sin gamle tanke om ei samansmelting av bokmål og ny-norsk til eit samnorsk språk, at motsetnadene i kulturlivet for alvorkom til syne. Bjørnstjerne Bjørnson starta Norsk Rigsmaalsforening i1899 som ein rein protestorganisasjon mot det samnorsk utspelet. Hervar slik mange Srlkingar i den norske kultursriden, men hovudskiljegjekk mellom by og land.

Å samanlikna Lars Kinsarvik og Fritjof Nansen er moglegvis ikkjerett målestokk, men der er klart likskap mellom dei. Dei var båe kjen-neteikna av sterk sjølvkjensle, og dei tok båe føringa der dei såg trongfor det. Nansen såg det som sitt kall å vera med og forma framtida tilNoreg. Han kunne slik ved heimkomsten frå polarferda med <Fram>,

stiga i land på kaien i Christiania etter å ha vore vekke i 3 år og manafolket til samhald.

Lars Kinsarvik bar på same sikre vis fram sin norskdomsbodskapbåde i skrift, tale og treskurd. Og han kjende som Nansen at han hadde

eit kall - at <det låg på han> denne nasjonale oppgåva å bringa fram ein<ekta norsk> stil i treskjerarkunsten. Eit slikt kall, kobla med stor hand-verksmessig dugleik, høvisk framferd samt eit godt hovud, gav LarsKinsarvik generelt stor autoritet. I dei rette krinsane gav det hovding-status.

Kunsthistorikar ane o g tr eskj erørkunstenPersonleg er eg ikkje i tvil om at Lars Kinsarvik var ein stor kultur-

personlegdom som mellom mykje anna tilførde treskjerarkunsten ge-

nuint nye element. Største bidraget var truleg dette med fargesetjingaav treskurden i møbelstykka. Men han var sjølvsagt ikkje åleine i arbei-det med å utvikla ein nasjonal stil slik mange i ettertid vil ha det til.Rett nok skreiv Lars Kinsarvik ved eit høve at ingen hadde gjort grun-digare studiar enn han av mellomalderornamentikken. MagnusDagestad nørde opp under dette då han langt i ettertid skreiv at LarsKinsarvik hadde gjort <...breir1are og grundigare etterøkjingar ogreindyrka drakestilen fullkomnare og fantasirikare enn nokon mannpaa desse umkverve>. Elles oppfatta Lars Kinsarvik klart at han stod i

ein tradisjon, og han såg på seg

sjølv som eit reidskap for utvik-linga av prydkunsten i norskretning. Men talar me om tre-skjerarkunst, må me òg haklart for oss at det ikkje berrevar innan denne kunstarten atdragestilsmotiva vart nytta;me finn dei att både i sylv- oggullsmedkunsten, innan detgrafiske faget, i dekorasjons-måling og i arkitektur.

Det er òg dei som hevdar atLars Kinsarvik var eit nyttigreidskap for kunsthistorikarenLorentz Dietrichson i hansstrev etter å få folk på lands-bygda til å verta meir opptekneav kvalitet og estetikk. I 1875vart han den frrste norske pro-fessor i kunsthistorie. Året et-ter vart han direktør ved detnyoppretta Kunstindustrimu-seet i Christiania. Museet sittmandat, sjølve vilkåret forstatstilskot, var (...at fræmmeHuusflidens kunstneriske ud-vikling>. Lars Kinsarvik varslik rett mann til rett tid forKunstindustrimuseet. Leiingasåg med særleg interesse pådugleiken til Lars Kinsarviksom treskjerar, og det at hantok inn læresveinar i verksta-den sin. Dette var hand i han-ske med museet sitt ynskje om<aa blaase nyt Liv i NorskKunstfliò. Slik gav museet LarsKinsarvik tilbodet om å verta

Denne stolen fekk Lars Kinsarvik diplom for underverdsutsstillingø i Paris i 1889. Stolen vørt seld til ein

engelsk te-grossist med feriehus i Omvikdalen vedRosendø\. Sidan vart stolen <kjøpt heim> til

Hørdanger øv ]ohan Storm Munch .( Foto: HFU)

I2 t3

Innøn norsdomsmiljøet uør det rekna for å verø grust å ha eit Kinsørvikmøblement i stovø.Men møbktne vør tidkrevjønde å produserø og vart slik for dyre for folk flest. Dette biletet er

frå spisestoua til Anders Hovden som Lørs Kinsørvik laga møblar til i 1910. Foto: HFU.

styrar for ein nasjonal treskjerarskule på Vestlandet. Ein tilsvarandeskule vart oppretta på Austlandet.

Det ligg fleire moment av sentralstyring og kulturmanipulering iopprettinga av treskjerarskulane. I realiteten kan det ha vore direktø-ren og konservatorane ved Kunstindustrimuseet som styrde den ret-ninga kunstfliden og dermed folkekunsten skulle ta, i alle høve for eitid. Lars Kinsarvik var under stadig rettleeing av museet, særleg av einkonservator Henrik Grosch, og han fekk ikkje så reint lite økonomiskstønad frå same hald. Idèen om å søkja etter rØtene for ein norsk stil itreskjerarkunsten attende i førkristen tid, kom slik truleg like mykje fråmuseet som frå Lars Kinsarvik sjølv.

Det desse intellektuelle herrane nok ikkje føresäg, var at den stilensom kom ut av dette skulle verta sjølve symbolet på norskdom - ja, denvart som ei slags målsak i kunsten. Innan norskdomsmiljøet var detsjølvsagt særleg grust å ha ein husbunad frå Lars Kinsarvik sin verkstad

t4 15

Frå Kinsarvikrommet på Hardanger folkemuseum, med kongestol, veggskåp og hjørne-skåp Iøgø ay Lars Kinsørvik til jubileumsutstillinga i 1914. Gjennom depositum øv

Kinsøruikmøblar kan museet i 1997 by på ei endå meir omføttønde utstilling. (Foto: HFU)

i heimen. Men møblane hans var likevel ikkje for folk flest. Dei var tid-krevjane å produsera, og vart slik heller kostbare. Men gjennom ut-smykking av dei mange kaffistovene, gav han landsungdomen ein mØ-testad i fleire byar. Møbelkunsten til Lars Kinsarvik vart slik alle mannseige. Og symbolbodskapen som låg i utskjeringane var den gong ikkjeutan påverkande kraft.

Hardanger folkemuseum og Lør s KinsørvikDet Szrste styret for Hardanger folkemuseum såg det som ei viktig

oppgåve ã gjerabindande eit vedtak om at det skulle kjøpast inn repre-sentative arbeid av Lars Kinsarvik sin møbelkunst til samlingane. Rettnok tok det nokre är før gjenstandane kom på plass, noko som må sjå-ast i samanheng med at museet var eit friviljug tiltak utan opparbeiddeøkonomiske medel. Kjøpet fortel noko om kor viktig museumsstifÌar-ane vurderte Lars Kinsarvik til â vera, men det er òg eit uttrykk for at

Om møblane til Lørs Kinsarvik hør det vore sagt øt dei

uar slm ein sløgs måIsak i kunsten. Denne stolen med re-

lieff av ffiøtet mellom Ivar Aasen og O. A. Vinje er eitsvært så konkret døme på dette. (Foto: HFU, Ureg.)

han var høgt vedsatt av har-dingane i samtida. Som det

frrste publikumsretta tilta-ket ved museet, vart det lagatil eit eige <Kinsarvikrom> iei av stovene i museumstun-et. Då museet pâ 1970-faletfekk eldfast byggvar det na-turleg at Kinsarvikmøblanevart flytta hit. Her har dei si-dan vore fast på utstilling.

Eit resultat av den storeKinsarvik-markeringa i år,

vart at fleire av dei som lånteut møblar til utstillinga nohar deponert desse ved mu-seet. Møblane er stilte til dis-posisjon for utstilling. Slikvil museet i dei næraste årakunne presentera ei størrepermanentutstilling av mØ-belkunsten til Lars Kinsar-vik. Dette vil vonleg vera tilglede for mange, særleg si-dan det her er eit og annaKinsarvik-arbeid som ikkjetidlegare har vore utstilt.

Har så <den norske sti-lenr, treskjerarkunsten tilLars Kinsarvik, nokon bod-skap til oss i dag? Svaret vilsjølvsagt vera prega av deiaugene som ser. Men det kansynast som om mykje avsymbolkrafta har runne avskaparverket hans med åra.

Stilen gjev i alle høve ikkje yngre menneske assosiasjon til målstrev og

norskdòm, utan dei frrst og fremst oppfattar gjenstandane som vakre.

Utstillinga på Hardanger folkemuseum var ein publikumstreffar.

r6

Mange såg utstillinga, og einskilde kom att fleire gonger. Dei opplevdeslik iLkje berre vakre gjenstandar, men òg at der var noko meir til dei,noko uutgrunneleg dei ikkje fann svar på. Kan henda løyner det seg ar-ketyper mellom bandsþgene og dragene til Lars Kinsarvik. Moglegvisinneheldt utskjeringane ein bodskap, spor av ei urform, som me lengekan koma til å fundera over kva tyder?

Sjølv gav Lars Kinsarvik, i det minste offisielt, ei meir nØktern vur-dering av eige arbeid:

Værdien qv mit livsarbeide kan jeg selv ikke ha nogen videre mening om;dette oyeiløter jeg til øndre som eyner at se det hele i forhold til detlids-øvsnit jeg har virket. Det jeg vet er, øt jeg har arbeidet ærlig og flittig ogsøkt at virke pøa min samtid med de evner jeghør høt at raøde over.(op.cit. 1917)

Lars Kinsarvik

Litterøtur:Carlsen, Janikke. Lars Kinsaryik - Mannen bak Hovedenrommet.

Sunnmøre Museum. Ä.rbok 1978, s, 7 -16.

Engen, Arnfinn. Lars Kinsartiþ Skaparen ay den <Den norske stilen>i nyare treskjerarkunst. Lillehammer 1996.

Kvestad, Johannes. Lars Kinsaryik <Hardanger>,tidsskrift for Hardanger Historielag 1987, s.324-335.

Mannsåker, lon. Lars Kinsøn;lk NorskAarbok 1925, s. 138-148.

Skou, Ingri. To norske treskjærere - OIe Moene og Lars Kinsørttlk, Oslo 1991.

Stenseth, BodiL Lysakerkretsen. Arï. i <Nansen ved to århundreskifter>,red. O. Christensen og A. Skoglund, s. 82-89. Oslo 1996.

Sørensen, Bjarne. Lørs Kinsaryik. Ei utstilling ved l\)-årsminnet for kunstnaren.Småskriftserie, Hardanger folkemuseum. 1996.

Tschudi-Madsen, Stephan. Honnør til en hånet stil.Vestlandske kunstindustrimuseum. Årbok 1949-50,s. 19-59. Bergen 1952.

17