Bilete frå turen til Livardalen og Hiskard. Fredag 22.08.2014
På turen var Knut O Homme, Olav T Åkre og Hallvard Tveit Berg.
Først så såg vi på dyregrava som låg ½ times gange frå RV 45 og utgangspunkt
turistvegen.
Olav T Åkre og Knut O Homme ved dyregrava.
Olav og Knut studerer dyregrava
Dyregrava (den var i god stand)
Så bar det til Livardalen og Livarhedderen:
Veret var ikkje det beste
Livardalen i sikte:
Her kan ein sjå Osevatnet, Livardalen og Store og Lisle Einang.
Livardalen, midt i bilete kan ein sjå ein stor stein i ura under fjellsida, under denne steinen er Livarhedderen.
Livardhedderen:
Livarhedderen, her kan ein sjå inngonga, noko nedanfor bilete i venstre hjørne ligg steinsamlinga som kan likne
på ein offerplass (kan ikkje sjå den på dette bilete).
Olav og Knut ved Livarhedderen
Lenger innover i hedderen
Inne i hedderen, oppholdsrom eller «soveplass» oppe til venstre så ligg der eit større område som kunne likne
på «sovesal» Det er ei lita opning ut til høgre – denne har vore mura att med stein.
«sovesalen»
Det var fleire små holer (eller hedderar) ved sida av hoved hedderen. Denne her er fint mura og den store flate
steinen ser ut til å dekke inngonga akkurat som ei dør.
Bilete tatt frå innsida av denne «oppbevaringsplassen». Den var mørk og noko rå så for meg så likna det på ein
kjellar. Kunne ha vore til å stenge inne dyr, men den ville vore altfor mørk til det.
Ein tredje «heller» som var mura rundt.
Offerplassen:
Denne steinsamansetjinga er sannsynleg ein offerplass.
«offerplassen» frå ein annan vinkel.
«offerplassen att», det var og ei steinsamansetjing rundt denne offerplassen med mykje større stein som ein
ikkje veit kva kan vere.
Hiskard og likkvila:
Likkvila – truleg i bruk for folk som kom frå Fitbekk, låg ca 20 m frå støylsvegen. Hovudet skulle leggjast mot
den store steinen. Retninga på likkvila var aust – vest og hovudet låg mot vest.
Top Related